---
title: "RFI - Automatisering av brukaradministrasjon: planlagt anbud | Norscout"
description: "Volda Kommune varslet anskaffelsen 18. mars 2025. Konkurransen er ikke kunngjort ennå."
url: "https://www.norscout.com/no/anbud/2025-104148-rfi-automatisering-av-brukaradministrasjon"
---

Planlagt

# RFI - Automatisering av brukaradministrasjon

- Varslet

  18\. mars 2025

- Verdi

  Ikke oppgitt

## Om anskaffelsen

SSIKT, saman med deltakarkommunane, har initiert prosjektet “Automatisering av brukaradministrasjon”. Vi er no i konseptfasen, der vi skal kartlegge og vurderer ulike løysingsalternativ på overordna nivå. Målet med arbeidet er å automatisere brukaradministrasjon i SSIKT og deltakarkommunane så langt det er mogleg, med utgangspunkt i stamdata frå HRM-systema. Per i dag nyttar kommunane Visma Enterprise Plus (Saas) som HRM-system, med kvar sin separate instans. Grov sett vurderer vi tre ulike tilnærmingar for å løyse automatisering av brukaradministrasjon: 1. Å kjøpe dette som ein teneste i leverandørmarknaden, der vi outsourcar automatisering av brukaradministrasjon. 2. Å kjøpe programvare, anten lokalt installert eller som SaaS, for å løyse automatisering av brukaradministrasjon. 3. Å kjøpe konsulentbistand for å automatisere brukaradministrasjon ved hjelp av eksisterande funksjonalitet i Microsoft Entra ID. Vi inviterer leverandørar som kan tilby løysingar innafor desse kategoriane til ein innleiande marknadsdialog for å kartlegge moglegheitene våre. Marknadsdialogen er eit av elementa som vil ligge til grunn for å anbefale eit konsept for løysing. Ei prosjektgjennomføring, med ev. anskaffing av løysing, er venta å skje frå mai 2025. Vi tek sikte på å gjennomføre ein-til-ein møter med interesserte leverandørar i veke 15. Sjå vedlagte dokumentasjon for meir informasjon. Vi ber alle leverandørar som er interessert i dialog om å sende melding i KGV (EU-Supply) innan fristen.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 18. mars 2025.

## Fakta

- Kjøper

  [Volda Kommune](https://www.norscout.com/no/anbud/kjoper/939760946-volda-kommune)

- Også kjøper

  Søre Sunnmøre IKT Kommunalt Oppgåvefellesskap

- Rammeavtale

  Nei

- Bransje

  [IT-tjenester](https://www.norscout.com/no/anbud/bransje/it-tjenester)

- Doffin

  [2025-104148](https://doffin.no/notices/2025-104148)

- Dokumenter

  [Konkurransegrunnlag hos eu-supply.com](https://eu.eu-supply.com/app/rfq/rwlentrance_s.asp?PID=426280\&B=)

## Åpne hos Volda Kommune

Frist

- [Rammeavtale snekkar- og tømrartenester med materiell](https://www.norscout.com/no/anbud/2026-115804-rammeavtale-snekkar-og-tomrartenester-med-materiell) 13. nov. 2026

[Se hvem som leverer til Volda Kommune](https://www.norscout.com/no/anbud/kjoper/939760946-volda-kommune)
