Norscout
Planlagt

RFI - Automatisering av brukaradministrasjon

Varslet
18. mars 2025
Verdi
Ikke oppgitt

Om anskaffelsen

SSIKT, saman med deltakarkommunane, har initiert prosjektet “Automatisering av brukaradministrasjon”. Vi er no i konseptfasen, der vi skal kartlegge og vurderer ulike løysingsalternativ på overordna nivå. Målet med arbeidet er å automatisere brukaradministrasjon i SSIKT og deltakarkommunane så langt det er mogleg, med utgangspunkt i stamdata frå HRM-systema. Per i dag nyttar kommunane Visma Enterprise Plus (Saas) som HRM-system, med kvar sin separate instans. Grov sett vurderer vi tre ulike tilnærmingar for å løyse automatisering av brukaradministrasjon: 1. Å kjøpe dette som ein teneste i leverandørmarknaden, der vi outsourcar automatisering av brukaradministrasjon. 2. Å kjøpe programvare, anten lokalt installert eller som SaaS, for å løyse automatisering av brukaradministrasjon. 3. Å kjøpe konsulentbistand for å automatisere brukaradministrasjon ved hjelp av eksisterande funksjonalitet i Microsoft Entra ID. Vi inviterer leverandørar som kan tilby løysingar innafor desse kategoriane til ein innleiande marknadsdialog for å kartlegge moglegheitene våre. Marknadsdialogen er eit av elementa som vil ligge til grunn for å anbefale eit konsept for løysing. Ei prosjektgjennomføring, med ev. anskaffing av løysing, er venta å skje frå mai 2025. Vi tek sikte på å gjennomføre ein-til-ein møter med interesserte leverandørar i veke 15. Sjå vedlagte dokumentasjon for meir informasjon. Vi ber alle leverandørar som er interessert i dialog om å sende melding i KGV (EU-Supply) innan fristen.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 18. mars 2025.

Fakta

Også kjøper
Søre Sunnmøre IKT Kommunalt Oppgåvefellesskap
Rammeavtale
Nei

Åpne hos Volda Kommune

Frist