Norscout
Planlagt

RFI - Marknadsundersøking knytt til Sunnhordlandsruta

Varslet
26. sep. 2025
Verdi
Ikke oppgitt

Om anskaffelsen

1. Bakgrunn Båtrutene som vert omtalt som Sunnhordlandsruta knyt saman Sunnhordland og Bergen og stadene i og rundt Sunnhordlandsbassenget. Dagens kontrakt med Norled for drift av Sunnhordlandsruta løper ut 31.12.2027 og ny kontrakt må difor konkurranseutsettast. Skyss er godt i gang med førebuingsarbeidet for ny kontrakt og konkurranse. Marknadsdialog knytt til teknisk status vart gjennomført våren 2024 og ga Skyss verdifull kunnskap om kva som kan vere teknisk mogeleg for rutene. Basert på denne kunnskapen vedtok Fylkesutvalet i Vestland fylke i mai 2025 at ein for desse rutene legg til rette for bruk av kjend batteri- og skrogteknologi. Vidare vart det vedteke at Skyss skal søke medfinansiering av Klimasats for meirkostnadane knytt til elektrifiseringstiltak og at eventuelt medfinansieringsbeløp skal definere grad av tilrettelegging og nivå for klimaambisjonen. Vestland fylkeskommune vart september 2025 tildelt 213 millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet gjennom Klimasatsordninga. Midlane skal bidra til å sikre hybridelektrisk drift av rutene.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 26. sep. 2025.