Norscout
Planlagt

RFI Marknadsdialog knytt til utvikling av eit betre og meir samordna kollektivtilbod i Vestland

Varslet
3. okt. 2025
Verdi
Ikke oppgitt

Om anskaffelsen

Skyss er mobilitetseininga til Vestland fylkeskommune, og har ansvar for å utvikle og drifte kollektivtrafikken i fylket. Hovudoppgåvene er å planleggje og utvikle linjenett og rutetilbod, tildele transportkontraktar for buss, båt og ferje, sørgje for lovpålagd skuleskyss, informere og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar, gi kundeservice og utvikle nye og kombinerte mobilitetstenester. Utviklinga av tilbod og tenester skal skje med grunnlag i vedtekne planar og strategiar, dei reisande sine behov og i takt med endringar i bransjen. Skyss sitt budsjett vert vedteke av fylkestinget og set rammer for kva tilbod som er mogleg å tilby. Vi arbeider kontinuerleg med å styrkje korrespondansar, sikre rett kapasitet til rett tid og ta i bruk teknologi og data for å gjere reisa meir føreseieleg og ressursbruken meir effektiv. Som del av dette arbeidet ynskjer Skyss å få innspel frå private kollektivselskap om korleis vi kan utvikle eit meir heilhetlig kollektivtilbod i Vestland. Dette omfattar både strukturelle og operasjonelle aspekt ved mobilitetstilbodet, og gjeld særleg område med behov for betre koordinering, fleksibilitet og tilpassing til brukarane sine behov. I tillegg ynskjer Skyss å utforske om det finst interesse i marknaden frå kommersielle aktørar for å tilby tenester på utvalde strekningar, eller deler av dei. 8 ruter er peika ut som aktuelle for innspel knytt til mogleg kommersiell drift.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 3. okt. 2025.