Marknadsdialog omsorgsbustadar
- VarsletVarslet
- 3. nov. 2025
- VerdiVerdi
- Ikke oppgitt
Om anskaffelsen
Bjørnafjorden får fleire eldre og andre brukargrupper med behov for omsorgstenester. Dette er dokumentert i behovsanalyse og ulike plandokument. Desse utfordringane kan ikkje løysast med noverande bustad- og tenestestruktur. Fleire i målgruppene må få tilbod om gode og økonomiske realiserbare bustader i senterområda, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod. Med dette som bakgrunn, er målet i fyrste omgang å etablera ca. 50-70 omsorgsbustader i Osøyro og ca. 10-20 i Eikelandsosen fram mot ca. 2030. Dette er bustader for personar med vedtak om rett til heildøgns omsorg frå helse- og omsorgstenestene i kommunen. Bustadane skal ha fellesareal med dag- og aktivitetssenter og personalbase, jf. retningslinene i Husbanken og Skatteetaten. Bustadene må oppfylle vilkåra frå Husbanken og Skatteetaten for denne typen bustader, og tilfredsstille kriteria for investeringstilskot og meirverdiavgiftskompensasjon. Fram mot 2040 er det planlagt ytterlegare utbygging av omsorgsbustader i senterområda. Kommunen ønskjer difor også dialog med andre interessentar som har planar for utbygging på noko lengre sikt. Omsorgsbustader kan og inngå som ein del av større bustadprosjekt. Bustadene skal ligge i sentrumsområde med gangavstand til butikkar og andre servicetilbod. Senter definerast her for Osøyro innafor områdeplan Osøyro, medan det for Eikelandsosen er innafor arealet mellom Fusavegen og Holmefjordvegen, ned mot fjorden.
Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.
Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 3. nov. 2025.
Fakta
- Kjøper
- Bjørnafjorden kommune
- Rammeavtale
- Nei
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Sted
- Vestland
- Doffin
- 2025-115829
- TED
- 727762-2025
Åpne hos Bjørnafjorden kommune
Frist- Kommunalt innfordringssystem - ny konkurranse4. des. 2026