Marknadsdialog - ny båtkontrakt for ruta Florø-Måløy
- VarsletVarslet
- 20. jan. 2026
- VerdiVerdi
- Ikke oppgitt
Om anskaffelsen
Skyss skal i løpet av dei neste åra gjennomføre konkurranse om nye båtkontraktar for fleire båtruter i Vestland fylke. Båtruta mellom Florø og Måløy, også omtala som «Kystvegekspressen», er ei av desse. Det er per no ikkje avklart når konkurranse om ny kontrakt vil bli kunngjort og når ny kontrakt skal starte opp. For å kunne planlegge dei komande konkurransane best mogeleg, har Skyss behov for noko informasjon frå marknaden. Under finn de nokre spørsmål vi vonar marknaden kan gje sine tilbakemeldingar på. Dersom marknaden har kommentarar utover dei spørsmåla som er gitt under, er vi også takksame for slike innspel. Kort om båtruta og fartøy Ruta fungerer som ei pendlings- og skulerute som i all hovudsak tener lokaltrafikk. I dag bruker fartøyet mellom 74 og 86 min på strekninga, litt avhengig av kor mange kaier som vert tekne i bruk undervegs. Dette gjev eit hastigheitsbehov på om lag 26-28 knop med dagens fartøy. Farvatnet for ruta er tidvis krevjande, spesielt Frøysjøen er tidvis utsett for vind og bølgjer. Per no er det ingen planar om å endre ved dagens rutetabell. Dagens fartøy har ein kapasitet på 97 pax. Det er ikkje avklart kva som vil vere nytt minimumskrav til passasjerkapasitet, men minimumskravet vil truleg ligge på 48-70 pax. Det er heller ikkje avklart om alle fartøykrava frå dagens kontrakt skal vidareførast og Skyss ønskjer gjerne innspel knytt til dette. Førebelse fartøykrav: • 2 skrogsfartøy (katamaran).
Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.
Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 20. jan. 2026.
Fakta
- Rammeavtale
- Nei
- Bransje
- Transport og skyss
- Sted
- Vestland
- Doffin
- 2026-101493
- Dokumenter
- Konkurransegrunnlag hos tendsign.com
Åpne hos Vestland Fylkeskommune Skyss
Frist- R06 Rammeavtale for prosjekteringstjenester23. nov. 2026
- Drift av Sunnhordlandsruta20. jan. 2027