Norscout
Planlagt

Marknadsførespurnad (RFI) knytt til båtdrift av Sunnhordlandsruta frå 2030

Varslet
17. apr. 2026
Verdi
Ikke oppgitt

Om anskaffelsen

Skyss førebur konkurranse om drift av Sunnhordlandsruta for perioden desember 2030 til desember 2045 og ønskjer no innspel frå marknaden knytt til førebelse forslag til krav og løysingar. Fylkesutvalet har vedteke at ein skal redusere utsleppet frå drift av ruta med minimum 20-25% samanlikna med dagens utslepp. Dette inneber at to av dei tre fartøya som skal drifte ruta må vere delelektrisk. Det vert lagt opp til at rutetilbodet vert noko justert frå desember 2030. Kva kaier dei tre fartøya skal betene frå desember 2030 er illustrert i vedlegg Reisemønster. Rutetilbod og klimaambisjon vart handsama i Fylkesutvalet den 18.02.26. Saksframlegg og vedtak er tilgjengeleg her under PS 22/2026: Utvalsmøte Det vert vurdert å nytte ein bonusmodell eller endringsopsjon for yttarlegare klimakutt utover minstekravet definert i Kontrakten punkt 5.3. Skyss ønsker svært gjerne marknadens innspel på slik løysing. I tillegg er det lagt inn forslag til eigen endringsregel knytt til klima i vedlagte kontraktsutkast kap 1. Det er førebels ikkje vedteke om kontrakten skal utformast som ein brutto- eller nettokontrakt. Fylkesutvalet ønskjer ei grundigare vurdering av og vil handsame dette til hausten, før kunngjering. Uavhengig av kontraktsform er det ønskje om sterkt insentiv til å utnytte eit potensial i marknaden og auke tal reisande der det er kapasitet. Skyss ønskjer med denne førespurnaden å få marknadens innspel på dei alternativa Skyss vurderer.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 17. apr. 2026.