Norscout
Avlyst

Prøvebustad Mobø - Mikrohus

Dato avlyst
24. juni 2026
Anslått verdi
2,5 mill. kr
Fristen var
5. juni 2026
Kunngjort
8. mai 2026

Om anskaffelsen

Vinje kommune skal inngå avtale om ei totalentreprise for prosjektering og bygging av eitt (1) mikrohus på tomt M13 i Mobø bustadfelt, gnr./bnr. 136/71. Totalentreprenøren skal levere eit komplett og innflyttingsklart bygg, inkludert all prosjektering, grunnarbeid, fundamentering, bygningsarbeid, tekniske installasjonar og tilknyting til kommunalt vatn, avløp og straum. Prosjektet skal gjennomførast i samsvar med framlegg til reguleringsplan for Mobø bustadfelt (PlanID 20240003) med tilhøyrande plankart, føresegner og planomtale. Dette omfattar mellom anna krav til plassering, byggehøgd, flaumtryggleik, terrengtilpassing og estetiske føringar for området. Kommunen tek atterhald om godkjenning av reguleringsplan. Dersom reguleringsplanen ikkje blir vedteken eller det skjer vesentlege endringar i planføresetnadene, forbeheld oppdragsgjevar seg retten til å avlyse konkurransen eller ikkje inngå kontrakt utan erstatningsansvar. Mikrohuset skal vere ein fullverdig bustad på inntil 30 m², med tilhøyrande isolert bod og carport. Totalentreprenøren står fritt til å foreslå planløysing og utforming innanfor rammene som er gitt. Bygget skal ha varmepumpe som hovudkjelde for oppvarming, samt alternativ energikjelde etter reguleringsføresegnene. Prosjektet skal prosjekterast som mikrohus i samsvar med forenkla reglar i byggteknisk forskrift (TEK17) og tilhøyrande rettleiing frå Direktoratet for byggkvalitet.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Tildelingskriterier

  • Pris40 %
  • Kvalitet60 %

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 24. juni 2026.

Fakta

Prosedyre
Åpen anbudskonkurranse
Rammeavtale
Nei