Norscout
Utfall ukjent

Rammeavtale for snikkartenester til kommunale bygg og anlegg

Anslått verdi
4 mill. kr
Fristen var
6. nov. 2026
Varighet
3 år og 11 måneder
Kunngjort
16. okt. 2026

Om anskaffelsen

Bakgrunn Luster kommune har behov for enkel og føreseieleg tilgang til snikkartenester for den løpande drifta og ved behov for mindre byggje- og utbetringsarbeid. Behovet gjeld arbeid på kommunale bygg, kommunale utleigebustadar og andre kommunale anlegg. Kommunen nyttar i dag lokale snikkartenester i varierande omfang, normalt innanfor eit årleg nivå på om lag 0,1 til 1 million kroner, men behovet kan svinge og det er ikkje grunnlag for å fastsetje noko bindande volum. Bakgrunnen for behovet er særleg ønskje om jamn kvalitet, fleksibel kapasitet ved varierande etterspurnad, god samhandling med kommunale einingar og raskare respons når mindre oppdrag oppstår. Kommunen peikar på manglande kapasitet og at det kan vere vanskeleg å få rask respons i dag. For enkelte område har oppdragsgjevar sjølv kompetanse til å utføre arbeid, og slike oppgåver skal ikkje dekkjast av dette behovet. Reine varekjøp er heller ikkje omfatta. Omfang av behovet Behovet omfattar snikkartenester knytte til mindre nybygg, ombygging, utbetring og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse. Tenestene skal først og fremst dekkje mindre vedlikehaldsarbeid, mindre nybygg på kommunale bygg og ombyggings- og utbetringsarbeid. Kommunen har behov for at leverandør kan handtere både enkeltståande mindre oppdrag og løpande oppgåver som oppstår i den daglege drifta. Det er viktig at leverandørane kan stille med kapasitet når behov oppstår, og at kommunen får ei praktisk og enkel tilgjenge til tenestene.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Tildelingskriterier

  • Pris50 %
  • Kvalitet50 %
    • Kvalitet og oppdragsforståing20 %
    • Klima og miljø30 %

Hvorfor står det ikke hvem som vant?

Fristen har gått ut, men kjøperen har ikke kunngjort hvem som fikk kontrakten. Under EØS-terskelverdiene er det ikke påbudt, og mange kjøpere lar være. Konkurransen kan også være avlyst uten at det er kunngjort.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 16. okt. 2026.