Norscout
Utfall ukjent

Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek

Anslått verdi
1,6 mill. kr
Fristen var
10. nov. 2026
Varighet
7 år
Kunngjort
17. okt. 2026

Om anskaffelsen

Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. Dette gjeld både skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker. Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2. Generelt Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg. Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik. Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk. Føremål og omfang Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Av desse skal 18 vidaregåande skolar ha nytt/eige biblioteksystem.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Tildelingskriterier

  • Pris
  • Kvalitet
    • Klima og miljø

Hvorfor står det ikke hvem som vant?

Fristen har gått ut, men kjøperen har ikke kunngjort hvem som fikk kontrakten. Under EØS-terskelverdiene er det ikke påbudt, og mange kjøpere lar være. Konkurransen kan også være avlyst uten at det er kunngjort.

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 17. okt. 2026.