Markedsdialog: Opplærings- og omsorgstenester for barn og unge
- VarsletVarslet
- 28. okt. 2026
- VerdiVerdi
- Ikke oppgitt
Om anskaffelsen
Aukra kommune inviterer leverandørar til skriftleg marknadsdialog i samband med ei planlagd anskaffing av opplærings- og omsorgstenester for barn og unge. Kommunen ønskjer innspel frå marknaden om korleis tenester innan avlasting og alternativ læringsarena kan organiserast og gjennomførast på ein trygg, fleksibel og fagleg forsvarleg måte. Føremålet med dialogen er å få betre innsikt i kapasiteten i marknaden, aktuelle samarbeidsmodellar, lokaler og bemanning, og korleis leverandørane kan leggje til rette for tett samhandling med kommunen og føresette. Kommunen ønskjer også å få belyst korleis helsefagleg- og pedagogisk kompetanse kan inngå i tenestetilbodet, og korleis desse kompetanseområda kan utfylle kvarandre for å sikre heilskapleg oppfølging av det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen. Aukra kommune ønskjer òg å få betre forståing av korleis tilbod kan tilpassast barn og unge med samansette og varierande behov, mellom anna behov for skjerma og praktisk retta læringsarenaer. Det er viktig å få fram korleis tilboda kan kombinere omsorg, meistring, læring og individuell tilrettelegging, med utgangspunkt i behova og føresetnadene til det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen. Leverandørar som har erfaring med, eller interesse for, å levere slike tenester, blir oppmoda om å delta og svare på spørsmåla i skjemaet. Innspela vil gi Aukra kommune eit betre grunnlag for å vurdere korleis ei eventuell anskaffing bør innrettast.
Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.
Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 28. okt. 2026.
Fakta
- Kjøper
- Aukra Kommune
- Rammeavtale
- Nei
- Bransje
- Helse og omsorg, Opplæring
- Sted
- Møre og Romsdal
- Doffin
- 2026-116753
- Dokumenter
- Konkurransegrunnlag hos hyyr.no
Åpne hos Aukra Kommune
Frist- Oppgradering av VVS-anlegg i Aukra kommunehus7. des. 2026