Norscout
Avlyst

Utskifting av personheis i kommunehuset i Fjaler

Dato avlyst
25. nov. 2026
Anslått verdi
1,6 mill. kr
Fristen var
16. des. 2026
Kunngjort
11. nov. 2026

Om anskaffelsen

Bakgrunn Fjaler kommune har behov for å skifte ut eksisterande personheis i kommunehuset. Heisen er frå 1979 og har nådd slutten av forventa levetid. Vidare drift av dagens anlegg inneber auka risiko for driftsstans, meir krevjande vedlikehald og redusert funksjonalitet for brukarar av bygget. Kommunehuset er eit offentleg bygg i dagleg bruk av innbyggjarar, tilsette og besøkande. God tilgjenge, trygg ferdsel og stabile tekniske løysingar er derfor viktig for den ordinære drifta av bygget. Utskifting av heisen er nødvendig for å sikre ei framtidsretta løysing som støttar universell utforming og påliteleg bruk over tid. Anskaffinga gjeld utskifting av heis i eksisterande heissjakt i eit bygg som er i drift. Leverandørane må derfor leggje til grunn at arbeidet skal planleggjast og gjennomførast på ein måte som tek omsyn til tryggleik, samordning og minst mogleg ulempe for den daglege verksemda i kommunehuset. Det er vurdert som formålstenleg å gjennomføre anskaffinga som ei totalentreprise etter NS 8407. Dette inneber at entreprenøren får ansvar for både prosjektering og utføring av leveransen, innanfor dei funksjons- og ytingskrava som går fram av konkurransegrunnlaget. Val av NS 8407 skal bidra til tydeleg ansvarsplassering, betre samordning av dei ulike delane av leveransen og ein meir heilskapleg gjennomføringsmodell for utskifting av heisen i eksisterande bygg. Oppdragsgivar har vurdert miljø som tildelingskriterium, jf.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Tildelingskriterier

  • Pris50 %
  • Kvalitet50 %
    • Service og oppfølging10 %
    • Gjennomføring og oppgåveforståing15 %
    • Løysing og kvalitet25 %
    • Klima og miljø0 %

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 25. nov. 2026.