Norscout
Åpen

Plankonsulent (prosjektleiar) områderegulering Hardbakke hamn og Steinsund

Frist
11. des. 2026
fredag kl. 12.00
Anslått verdi
1,5 mill. kr
Kunngjort
12. nov. 2026
Se konkurransegrunnlaget hos hyyr.no

Om anskaffelsen

Bakgrunn og formål Solund kommune ønskjer å engasjere ein erfaren plankonsulent (prosjektleiar) til å leia arbeidet med områderegulering av indre hamn på Hardbakke, samt næringsområde N20 i Steinsund (Solund kommune sin arealdel). Reguleringsplanen skal leggje til rette for (1) naudsynte funksjonar knytt til eit snøggbåtstopp, (2) effektiv kommunikasjon mellom snøggbåtkai og grendene i Solund, (3) bustadfortetting i indre hamn, (4) betre tilkomsten til hamna og (5) sette av areal til tiltak som skapar trivsel og liv i indre hamn, helst gjennom heile året. Oppdraget skal gjennomførast i tett samarbeid med kommunen. Indre hamn skal romme både bustad, næring, sjøaktivitetar, hamnetenester og andre funksjonar/tenester/møteplassar, og må planleggjast med minst mogleg grad av konflikt. Konsulenten skal leia og driva fram planprosessen, bidra med planfagleg rådgjeving, og utarbeida plandokumenta frå oppstart til ferdig planforslag. Sluttproduktet skal leverast på godt nynorsk. Samfunnsdelen seier at: “Regulering av området på Hardbakke skal legge til rette for auka aktivitet i Solund kommune. Planarbeidet er i gang og skal mellom anna sikre framtidig hamn for ekspressbåt, reiselivsnæring, betre gangsamband, betre tilkomst til dagens hamn, betre kapasitet i gjestehamn og servicebygg, samt bustadfortetting. Kommunen vil arbeide for at planen legg til rette for god kvalitet i tettstadsutviklinga og vil følgje opp med strategiske grunnkjøp viss mogleg”.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Slik velges vinneren

  • Pris40 %
  • Kvalitet60 %
    • Klima og miljø0 %

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 12. nov. 2026.

Fakta

Kjøper
Solund kommune
Prosedyre
Åpen anbudskonkurranse
Rammeavtale
Nei

Spør Claude om anbud

Hvem har vunnet anbud innen rådgivning i Vestland?