Markedsdialog: Rammeavtale for velferdsteknologi og pasientvarsling
- VarsletVarslet
- 18. nov. 2026
- VerdiVerdi
- Ikke oppgitt
Om anskaffelsen
Kinn kommune planlegg å gjennomføre ein konkurranse om rammeavtale for velferdsteknologi, og inviterer leverandørmarknaden til å kome med skriftlege innspel før konkurransegrunnlaget blir ferdigstilt. Føremålet med marknadsdialogen er å få betre innsikt i tilgjengelege løysingar, tekniske moglegheiter, leveransemodellar og forhold som bør avklarast for å sikre ein open og føreseieleg konkurranse. Kommunen nyttar i dag DNV Imatis som plattform for pasientvarsling og samhandling ved tre institusjonar og to bustader med heildøgns omsorg. DNV Imatis skal vidareførast som primær arbeidsflate for ordinær alarmhandtering. Anskaffinga omfattar difor ikkje ei ny felles plattform for pasientvarsling, men teknologi og tenester som skal fungere saman med eksisterande løysing. Den planlagde rammeavtalen skal mellom anna leggje til rette for supplering og vidareføring av eksisterande utstyr, ei større førstegongsleveranse til nye Albertatunet med 100 plassar, og seinare kjøp av relevant velferdsteknologi innanfor avtalte funksjonsområde. Kommunen ønskjer særleg innspel om: Aktiv og passiv varsling, digitalt tilsyn, lokalisering, tryggleik for tilsette og tilhøyrande sensorteknologi. Moglegheiter for integrasjon og samhandling med DNV Imatis, inkludert alarmflyt, statusinformasjon, administrasjon og feildeteksjon. Vidareføring og supplering av eksisterande utstyr, samt tekniske føresetnader for nye installasjonar.
Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.
Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 18. nov. 2026.
Fakta
- Kjøper
- Kinn kommune
- Rammeavtale
- Nei
- Bransje
- Medisinsk utstyr
- Sted
- Vestland
- Doffin
- 2026-117936
- Dokumenter
- Konkurransegrunnlag hos hyyr.no
Åpne hos Kinn kommune
Frist- Rameavtale vannmålere7. des. 2026
- Dynamisk innkjøpsordning for kjøp og leasing av køyretøy24. aug. 2027