Norscout
Avlyst

Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri

Dato avlyst
20. nov. 2026
Anslått verdi
3 mill. kr
Fristen var
1. des. 2026
Kunngjort
19. okt. 2026

Om anskaffelsen

Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast.

Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.

Tildelingskriterier

  • Pris40 %
  • Kvalitet60 %
    • Oppgåveforståing og gjennomføringsopplegg30 %
    • Kompetanse og erfaring hjå tilbode nøkkelpersonell30 %
    • Klima og miljø0 %

Tidslinje

  1. 12. nov. 2026Kunngjøringen endret

Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 20. nov. 2026.