Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri - Lærdal sykkelpark
- FristFrist
- 2. des. 2026
- onsdag kl. 12.00
- Anslått verdiAnslått verdi
- 3,75 mill. kr
- VarighetVarighet
- 5 måneder
- 21. des. 2026 til 1. juni 2027
- KunngjortKunngjort
- 6. nov. 2026
Om anskaffelsen
Bakgrunn Lærdal ungdomsråd har sidan 2024 arbeidd for å få etablert eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Saka vart handsama politisk hausten 2025, då formannskapet vedtok at kommunalt areal kan nyttast til tiltaket. Det er løyvd midlar til prosjektet i 2026, og kommunen ønskjer å kontrahera totalentreprenør til prosjektet i 2026 med ferdigstilling innan juni 2027. Formålet med anskaffinga er å etablera eit attraktivt og funksjonelt aktivitetsanlegg for ungdom, med tilbod som fremjar fysisk aktivitet, sosialt samvær og gode møteplassar. Anlegget skal vera ein naturleg samlingsstad for ungdom i sentrumsnære omgjevnader mellom sentrum og fjorden. Sykkelparken skal samstundes i størst mogleg grad kunne nyttast av barn og andre brukargrupper. Plasseringa stiller særlege krav til utforming og gjennomføring. Området ligg sentralt ved innfallsporten til Lærdal og i nærleik til Gamle Lærdalsøyri. Det er difor viktig at anlegget vert godt tilpassa landskap, omgjevnader og verneverdig miljø, og at det held høg estetisk kvalitet. Beskrivelse av oppdraget Lærdal kommune ønskjer å inngå kontrakt om totalentreprise for prosjektering og bygging av eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Oppdraget omfattar ei samla leveranse frå prosjektering til ferdig opparbeidd anlegg. Leverandøren skal også gjennomføra prosess med byggjesøknad. Leveransen skal omfatta eit pumptrack-anlegg med god flyt og ei utforming som er tilpassa ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå.
Teksten er kjøperens egen, fra kunngjøringen.
Slik velges vinneren
- Pris30 %
- Kvalitet70 %
- Løysingsforslag40 %
- Miljø og materialbruk30 %
Kilde: kunngjøringer fra Doffin (DFØ), lest av Norscout to ganger om dagen. Sist oppdatert 6. nov. 2026.
Fakta
- Kjøper
- Lærdal kommune
- Prosedyre
- Åpen anbudskonkurranse
- Rammeavtale
- Nei
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Sted
- Vestland
- Doffin
- 2026-117282
Spør Claude om anbud
Hvem har vunnet anbud innen bygg og anlegg i Vestland?